torsdag 10. september 2015

Marius - ein strikkeklassikar


Marius`en må vera den suverent mest strikka genseren - i mange samanheng der ein skal vektleggje det norske, så kler ein i seg ein Marius-genser. Marius mønsteret, designa av Unn Søiland Dale, er inspirert av tradisjonelle Setesdalsgenserar, men laga i nasjonalfargane raudt, kvitt og blått. Mønsteret er populært og me finn nå variantar av mønsteret både på koppar, one-piece, handklede, babybodier, skateboard, iPhone-deksla, julepynt...
 

Den tradisjonelle Marius-genseren blei strikka med fargekombinasjoner av raudt, kvitt og blått.
 
Tradisjonell Marius-genser
Marius-vest 
Dei siste åra har det komme fleire variasjonar over Marius-temaet. Artige variantar er design der ein har erstatta hovudborden med traktorar, rådyr - eller som i varianten til Arne & Carlos: med Space-invaders. Eg held meg mest til det tradisjonelle mønsteret, men liker å leike med andre fargekombinasjonar:

 
Marius med rundfelling i mørkeblått, kvitt og brunt.
Marius-jakke i blått, kvitt og brunt.
 

Mottakaren valde fargane sjølv. Blei kult med gult! 

Syster 1: gråkvitt, blått og lilla.

Syster 2: same fargane som i syster 1, men med ei anna rekkefølgje.

Tradisjonell start med raudt og kvitt - men avslutta med "gamalrosa".

søndag 6. september 2015

Marius-genser til herre


Å strikke Marius-genser til herre str. Large på pinne nr. 3 er ei utmaning i tålmod og tid. Men mottakeren ville gjerne ha ein genser i tynt garn, så då falt valet på Sisu med 27 m/10 cm. Eg har veldig god erfaring med Sisu - plagg i dette garnet er slitesterke og tåler vask i vaskemaskin. Fargene på genseren har mottakeren sjøl valt ut - svart, hvit og med avslutning i oker.  

Mønster er frå Sandnes sitt temahefte 35 "Norske ikoner" og er med rundt bærestykke. Erme og hoveddel strikkes saman, og ein fell av med rundfelling undervegs i mønsterdelen. Då slipp ein montering med å klippe og sy.

 
 

mandag 23. september 2013

"Creeper"-lue

Spelet "Minecraft" er veldig populært blant gutane, og minstemann ønskte seg ein "Creeper-lue". Kva gjer ein då? Jo, då teiknar ein korleis ein vil at lua skal sjå ut, og blir med mamma på garnbutikk for å velje grøn-farge. Lua er strikka i lysegrøn Sisu frå Sandnes-garn - og "Creeper"-mønsterets er sydd på med svart Sisu-garn. Nå skal kameraten også ha ei lue.... 

 Minstemann sin eigen design saman med resultatet.



fredag 20. september 2013

Sjal: Lacy Karius 


Sjalet "Lacy Karius" er ein favoritt. Raskt å strikke - og med eit inspirerande garn er det ekstra artig. Dette sjalet strikka eg på nokre få dagar. Ein starter med 4 masker - strikker frå den eine enden til den andre med første å auke og så felle av - og avrundar det heile med 4 masker. Mønsteret finn du hos Ravelry. Denne utgåva er strikka i Tynn Alpakka frå Du store Alpakka. Fargen er nydeleg - handmalt lilla (191). Garnet fann eg på Husfliden i Oslo då eg var der på garn-til-sjal-gåve-jakt. 










torsdag 19. september 2013

Eiga design: Vroom-vroom mittens

Mitt første og foreløpig einaste forsøk på å designe eigen strikk, var disse vottane str. 6-8 år. Ein del av designen var initialar på innsida av vottane samt ein liten bil på tommelen.

Mønsteret kan lastes ned som free Ravelry download.



 

 

onsdag 18. september 2013

"Retrogenser" - genser med rundt bærestykke



Denne genser er strikket med Sisu-garn fra Sandnesgarn på pinner nr. 2.5 mm og 3 mm - mønsteret er fra "Sandnes 1301". Fargene eg valgte var brun, lys grå, oker og petrol. Mønsteret og fargene minner meg om 70-tallet, så eg kaller genseren for "Retrogenser". Sisu-garn er forholdsvis tynt og tar tid å strikke med - men genserne blir behagelig å ha på, så det er verdt innsatsen.



 


tirsdag 17. september 2013

Pickles: tømmerhoggergenser Jr.

Eg har veldig sansen for mønstrene og garnet fra Pickles. Her har eg strikka Tømmerhoggergenser Jr. str. 12 år. Genseren er strikka i garnet Abuelita Tjukk Merino som er mjukt og deilig. Genseren strikkes ovenfra og ned - noko som eg aldri har gjort før. Eg syns genseren var lettstrikka - og er vedig nøgd med resultatet. Dette blir heilt sikkert ein genserfavoritt til høsten!