fredag 20. september 2013

Sjal: Lacy Karius 


Sjalet "Lacy Karius" er ein favoritt. Raskt å strikke - og med eit inspirerande garn er det ekstra artig. Dette sjalet strikka eg på nokre få dagar. Ein starter med 4 masker - strikker frå den eine enden til den andre med første å auke og så felle av - og avrundar det heile med 4 masker. Mønsteret finn du hos Ravelry. Denne utgåva er strikka i Tynn Alpakka frå Du store Alpakka. Fargen er nydeleg - handmalt lilla (191). Garnet fann eg på Husfliden i Oslo då eg var der på garn-til-sjal-gåve-jakt. 










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar